av Stian Birkestrand | januar 24, 2010  

1.divisjon 7′er 2010

Sjølv om denne bloggen hovedsaklig omhandler lavere divisjoner får eg gjere eit unntak når det kjem til 7′er fotball. For den ivrige lesar av heimesida til SK Viggo har ein kunne lese at dei også har eit 7′er-lag som meir eller mindre cruisa gjennom 2.divisjon i fjor, til tross for eit knepent tap i kretsmesterskapet. Gleda over opprykket var allikevel stor! Destod større var overraskelsen då det vart tatt kontakt med Signe Bødtker i Hordaland Fotballkrets der det kom for ein dag at ein ikkje rykker opp i 7′er-fotball, man melder berre på lag i den divisjonen ein vil spele i. Standard fotballregler altså! Uansett skal Viggo neste år spele i den gjeveste avdelinga neste år og vil nok møte tøffere motstand!

Ifølge heimesida til Digg Fotball ser neste års avdeling i 1.divisjon sånn ut:

Digg
Frøya
Fyllingen Fotball
Loddefjord
Meyermarken
Morvik
Slutt
Sotra
Vadmyra
Viggo

Les meir om deiras vurdering av avdelinga her.

Viggo stilte ifjor med ei kjerne på 5-6 mann som spelte dei fleste kampene. Ei sterk sentrallinje med Markus Røsler i mål, Eivind Vindheim i forsvar, Dan Hindenes på midten og Bobbo Langeland på topp sørget for mange målrike oppgjer. Laget benytta seg av heile 24 spelere ifjor og det blir spennende å sjå kordan laget gjer det i år. Ein forventer at motstanden nok blir både tøffere og jevnere så ein sleppe ein del useriøse kamper. For full statistikk over Viggo 7′er forrige sesong kan du følge lenka til heimesida her.

Vurdert til: av 16 lesere

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

av Stian Birkestrand | januar 16, 2010  

Lokalfotballen tiner opp!

Vinterkulda har satt sitt preg på dei mange laga rundt om i Hordaland. Med mange snødekte baner har det vore lite aktivitet for mange lag. Nokre baner er måka og andre har fått treningstid inne men for dei fleste laga er oppkjøringa endå ikkje skikkelig igang. Mildværet er på vei og for alle fotballspelerene som no har fått ein forlenga ferie begynner straks hardkjøret for å finne storformen til april.

Oppsettet for dei forskjellige divisjonene er no komen og det skal bli lagt ut nye linker på sia. Uten å skulle gå gjennom alle divisjonane her og no kan eg melde om at Hordaland Fotballkrets i 6.divisjon i år har gått vekk frå fjorårets utgangspunkt der dei fleste andrelaga var plassert i eiga pulje. Kvifor dei har gjort dette er for meg vanskelig å forstå då det stort sett er kjekkare å spele i avdelinger uten desse uforutsigbare tullelaga. Tabelltips og gjennomgang av lag kjem seinere.

Austrheim/Lindås har hatt trening inne i Nordhordlandshallen i tillegg til løpetrening. Dog har treningene på kunstgraset på Seim gått ut. Når det gjeld nysigneringer for samrbeidslaget har fjorårets spelende trener for Skansemyren og tidligere Austrheimspeler, Hans-Martin “Der Bomber” Martinussen, signert og er klar for spel. I tillegg er det fleire spelere under vurdering før troppen blir satt i byrjinga av februar.

Fusa har også fått trent inne og den nye treneren Jan Ove Sæbø har allerede markert seg med knallharde fysiske økter. Dog er det problemer i klubben med mange speleravganger denne vinteren. Heile 9 spelere er meir eller mindre vekke og dette inkluderer begge keeperene. Heldigvis for Fusa Fotball er det lenge igjen til sesongstart så det er ingen krisemaksimering endå.

SK Viggo Har no bekrefta via ein pressemelding på heimesida at Kjell Lygren blir trener også i år. Dei har endå ikkje komen igang med treninga men 8 spelere hadde seg ei styrkeøkt med snømåking på Nymark torsdag. Mandag er det nok ei styrkeøkt før det fredag er trening i Bøneshallen. Når det gjeld spelerstallen forsvinn Cato Magne Humborstad grunna for lang reiseavstand. Ingen nye spelere er bekrefta men det svirrer framleis rykter om Morten Lilleheil, Toralv Tolo og Stian Aasheim. I tillegg er Vidar Fjøsne som fekk fjorårssesongen ødelagt av skader i gryande form.

SK Floppen har bestemt seg for å trene i år, sjølv om det framleis er litt i det blå kor mange økter dei skal ha. Foreløpig har dei starta i da små med inneøkter i Fantofthallen med begrensa oppmøte. Her foreligger det lite opplysninger på spillerfronten men trener Erik Ottesen har trua på ein god sesong i år. I tillegg reiser playmaker Eirik Johansen til Tenerife på ei vekes treningsleir førstkommande tirsdag.

Fyllingen 2 beholdt plassen i 6.divisjon i fjor med eit nødskrik. Fjorårets trener Thomas Steine har takka for seg og det er endå noko uvisst kordan dette laget blir i år.

Til slutt kan ein nevne at Tornado Bergen Winter League (TBWL) hadde trekning av gruppespel på Scotsman i går. Det blir spennende å sjå om det kalde været kjem til å påvirke oppsettet utover vinteren men gruppene finn du ihvertfall her.

Vurdert til: av 15 lesere

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

av Stian Birkestrand | desember 15, 2009  

Trekløver klar for Vadmyra!

Ikkje før eg seier at det er rolig på overgangsfronten så starta snøballer å rulla. Som nevnt på Stian’s Corner har Robert Stensønes vore ute med følere på tidligere elever frå Fusa. For kort tid sia blei det bekrefta på Facebook at trekløveret Jarle Andresen, Alexander Kvåle og Daniel Torres Schaufel er klar for Vadmyra. Me venta endå på ein uttalelse frå klubbane men kjelda er såpass troverdig at me tar den for god fisk!

Alexander Kvåle og Jarle Andresen frå dei lykkelige dagene i Fusa. No venter hardkjør i Vadmyra.

Dermed må eg trekke opp nok ein godbit av ein fotballsang frå arkivet. No faller valget på Raske Menn som her fremfører “Den ærlige fotballsangen”.

If you can see this, then you might need a Flash Player upgrade or you need to install Flash Player if it's missing. Get Flash Player from Adobe.

Vurdert til: av 16 lesere

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

av Stian Birkestrand | desember 15, 2009  

Rolig adventstid

Det nærmer seg jul og lite nytt skjer på overgangsfronten. A/L hadde årets første trening i Nordhordlandshallen og ein del nye fjes dukka opp der. Blant anna har fjorårets spelende trener for Skansemyren, Hans-Martin Martinussen, allerede signert. Ellers skal januar brukes til å sette spelerstallen for neste års 4.divisjon.

SK Viggo har endå ikkje fått noke avklaring på trenersida og gårsdagens mandagstrening utgjekk grunna lite folk. No er det nyttårscup som er neste fastpunkt for dei gule og blå før alvoret starta. Det er ikkje noke nytt om Stian Aasheim og Toralv Tolo men begge er ønska med videre.

Ellers er det særs lite å melde om.  Avsluttar dagens innlegg med nok ein godbit av ein fotballsang. Denne gangen bevege me oss til nyopprykka Os. Høyr sangen her!

Vurdert til: av 16 lesere

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

av Stian Birkestrand | desember 6, 2009  

Sjokkovergangen et faktum!

I det indre fotballmiljøet har det lenge versert et rykte som til og med Stian’s Corner fant for usannsynlig til å omtale. Speidere frå sjølveste Liverpool FC har nemlig sett opptil fleire Floppenkamper i år for å gå ein ikkje tidligere navngitt speler nærmere i selen. Ikkje overraskende var det Davy Wathne og TV2-Sporten som først kom til bunns i saken og overgangen mangler no kun den medisinske testen før det heile er i boks. Stian’s Corner gratulerer 30-årsjubilanten Arne Kjeseth med dagen og ynskjer han lykke til i Premier League! If you can see this, then you might need a Flash Player upgrade or you need to install Flash Player if it's missing. Get Flash Player from Adobe.
SK Floppen-trener Erik Ottesen er sjølvsagt stolt over overgangen og meiner at dette er nok et bevis på det potensialet som er i Floppen. SK Floppen og Liverpool er blitt enige om at overgangssummen skal holdes hemmelig men “off the record” uttaler han at Liverpool neppe har store økonomiske muskler på overgangsfronten. Det har ikkje lykkes Stian’s Corner å få ein kommentar frå Rafael Benitez. Arne Kjeseth har tidlegere spelt for Fana og Gneist.

Vurdert til: av 23 lesere

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

av Stian Birkestrand | desember 6, 2009  

Siste nytt!

Nok ei helg nærmer seg slutten og det er på tide å komme med det siste på ryktebørsen. No har også ein del lag såvidt begynt oppkjøringa til den spanande 2010-sesongen og dette medfører ein del nye spelere på treninger rundt om i Hordaland. Først ut er dei tidligere omtalte overgangene til Jarle Andresen og Alexander Kvåle frå Fusa til Vadmyra. Her er det ingenting som er hogd i stein endå og dei skal visstnok trene med Vadmyra ei stund framover for å sjå om dei holde nivået. Vadmyra starta opp igjen forrige veke med tidligere Fusa-trener Robert Stensønes som ny sjef.

Når det gjeld Fusa hadde dei og sin første trening med ny trener denne veka. Jan Ove Sæbø får den tøffe jobben med å halde Fusa i 4.divisjon neste år. For at Fusa skal lykkes med dette er det miljøet i klubben som er det viktigaste ifølge midtbaneeleganten Tonny Vik. Ein av dei viktigaste bidragsyterne her er Fusa’s beste på utsidepasning, Cato Håvik. Han har imidlertid uttalt at han neste sesong satse på å føre Fusa 2 opp i den gjeve 6.divisjonen. Det skal samtidig nevnes at denne uttalelsen kom på loftet til Brødrene Dalland i Strandvik der det var rikelig med alkoholholdige drikkevarer på bordet. Ikkje lenge etterpå kom midtstopper Frode Koldal med ein lovnad som fekk nesten alle til å sette Jägermeisteren i halsen. Han lovte nemlig heile 4 hat-trick neste sesong. Optimismen rår ihvertfall i Fusa Fotball!

Som tidligere nevnt var Austrheim/Lindås ute med følere på Stian Rasdal og Daniel Toft frå Bjørn West. Litt over midnatt på ein brun pub i Bergen by kunne imidlertid Stian Rasdal avkrefte at han var på veg til samarbeidslaget. Og ifølge samme Rasdal skal Daniel Toft tilbake til barndomsklubben Eikanger som denne sesongen måtte trekke laget.

Ørjan Gjerstad skal etter sigende ha bestemt seg for at det blir SK Viggo neste sesong og. Kanskje var det den smertefrie transporten til og fra Nymark som var avgjerande i valget. Om keeper Morten Lilleheil velge å følge kompisen og utfordre fjorårets vinnar av mest framgangsrike, Trond Arild Klever, gjenstår å sjå. Forøvrig starta Viggo også opp med trening denne veka og mens ei avklaring på trenerfronten lar seg vente er det mest speleøkter det går i. På første trening dukka Stian Aasheim opp som i fjor spelte for divisjonskollega Hausvik. Toralv Tolo var ein av dei bedre på et ellers begredelig Strandebarmlag i fjor. No vurdere han å delta på Viggotrening for å sjekke ut klubben. I tillegg ryktes det at tidligere Fyllingen 2-trener Thomas Steine skal børste støv av skoa og komme innom.

Dagens fotballsang komme frå Norheimsund. Reint musikalsk vil eg påstå at Norheimsund går av med ein knapp musikalsk seier mot nabo Øystese. Høyr sangen her.

Vurdert til: av 24 lesere

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

av Stian Birkestrand | november 28, 2009  

Nytt på overgangsfronten

Det er begynt å røre seg rundt om kring i lokalfotballen og fleire overganger begynner no å bli bekrefta. Vadmyra har sikra seg Jarle Andresen, Daniel Torres Schaufel og Alexander Kvåle frå Fusa. Jarle Andresen bekrefta på eit fuktig vorspiel at han allerede tidlig på hausten hadde sagt ja til Vadmyra. Daniel Torres Schaufel sin overgang er dog meir kontroversiell då det ryktes at han mottok ein sign-on-fee på ein 5 sifra sum då han signerte for Fusa i sommer. Fleire Fusaspelere er ikkje særlig nøgd med at sånne summer var i omløp for ein speler som også gjekk skada i lengre perioder og no altså vel å skifte klubb. Det skal nevnes at det er tvil om summen var så stor. Uttalelser frå andre kjelder går på at det dreier seg om ein mindre, 4 sifra sum. For å erstatte dei tapte spelerene har Fusa sendt brev på Daniel Håvik og John Asle Lie frå Strandebarm. Sjølv har eg liten kjennskap til desse to men Daniel Håvik er ifølge ryktene ein rask spiss/kantspeler. Kanskje han er henta inn for å erstatte ein anna Daniel, nemlig Daniel Tonning, som linkes stadig sterkere til ein overgang til SK Viggo.

Når det gjeld Viggo vart det avholdt spelermøte denne veka der så og seie heile troppen frå i fjor var klar for ein ny sesong. Fjorårets trener Kjell Lygren har no fått ein tidsfrist på å bestemme seg for om han vil lede Viggo til opprykk neste år. På samme møte blei det nevnt ein ny speler men det har ikkje lukkas undertegnede å få tak i navnet på han. Viss Ørjan Gjerstad vel vekk Gneist og ein lang kjøretur til Liland kan det hende at han får med seg keeper Morten Lilleheil til Viggo frå nettopp Gneist.

Austrheim/Lindås har sendt brev på to av opprykksheltene frå Bjørn West. Spissen Stian Rasdal og midtbaneeleganten Daniel Toft er begge ynskja av samarbeidslaget. Dog er det tvilsamt om dei vil forlate klubben etter opprykket, spesielt mtp at Bjørn West består av ein sammensveisa kameratgjeng som har spelt fotball samen sia dei var små. Forøvrig er trenerframtida her spikra då Tor Eivind Karlsen har signert for to nye år. Øvrige spillerforsterkninger her vil nok avhenge av om veteraner som Terje Håland og Karl Ludvig Daae giv laus på ein ny sesong.

Ellers er det stille rundt fleire klubber. Krabbetor får tilbake midtstoppar Gaute Lundeland frå Australia. Han var ei viktig defensiv brikke i vårsesongen. Øygard 2 gjekk meir eller mindre i oppløsning i haust og i dei dårlige tidene valgte dei og å ikkje oppdatere websidene. No har dei endelig bekrefta navnevalget for neste år og dei vil då heite Sotra Sportsklubb 2. Floppen har i kjent stil ikkje foretatt seg noke sia sesongslutt og der kan nok alt skje fram mot sesongstart. Trener Ottesen har nevnt at framtida til klubben skal spikras ut på nyåret eingong. Det knyttar seg stor spenning til om klubben velge å trene denne sesongen eller ikkje.

Dagens fotballsang er frå bygda Åheim. Det er ein av dei største stedene i Vanylven kommune på Sunnmøre med ca. 900 innbyggere. Mange av dei fastbuande jobbe med å utvide olivin. Forøvrig melder wikipedia at Åheim har ein barnehage og at Åheim skule er ein triveleg skule. If you can see this, then you might need a Flash Player upgrade or you need to install Flash Player if it's missing. Get Flash Player from Adobe.

Vurdert til: av 22 lesere

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

av Stian Birkestrand | november 3, 2009  

Silly Season!

Fotballsesongen er over og umiddelbart er Silly Season igang. Ein del overgansrykter verserer i ulike medier og ein knippe av desse har sjølvsagt eg fått tilgang til. Som sagt er dette kun rykter og ingen bekreftete overganger.

  • Robert Stensønes er blitt trener for Vadmyra i 3.divisjon og det ryktes at han ønsker å ta med seg noen av sine elever fra Fusa. På forrige helgs fotballfest svarte han litt diffust på et spørsmål om han no kom til å ta med seg alle dei beste Fusa-spelerene. Både Jarle Andresen og Stian Håvik som begge bur i Bergen ryktes å vere aktuelle.
  • Austrheim/Lindås er eit anna nyopprykka lag som er ute etter forsterkninger. Midtstopper Sindre Erstad med ei fortid i Åsane, Sogndal, Løv-Ham, Stavanger og Randaberg ryktes å trappe ned før neste sesong og ser A/L som ein perfekt klubb.
  • Ørjan Gjerstad har gått hardt ut og sagt at han skal bli første Viggospeler over 100mål. Då spørs det om Gneist får napp på sin tidligere speler.
  • Fusa sin tekniske venstrekant Daniel Tonning går visstnok rundt med ein kontrakt frå SK Viggo i lommen og funderer om han skal signere eller ei.
Dette var dagens rykter, vi i Stian’s Corner ser fram til første bekreftede overgang og satser på å vere tidlig ute med å informere ivrige lesere!
Vurdert til: av 34 lesere

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

av Stian Birkestrand | november 2, 2009  

Sesongen er over!

Ein lang sesong er over og dessverre kom høstsesongen så altfor fort for bloggen og det er fleire grunnar for at bloggen meir eller mindre døde ut. Dette tar eg sjølvsagt på min kappe. Om bloggen vil gjennoppstå neste år og om det blir endringer har eg endå ikkje tatt stilling til. Men mykje vil nok avhenge av mi eiga fotballkarriere. Time will show.

Ellers vil eg gratulere alle opprykkslaga i år! Austrheim/Lindås er allereie nevnt men i tillegg kjem Krabbetor og Fusa, også Bjørn West skal nevnast som slo Viggo og Harding/Odda i kvallikken. Lykke til neste år!

Forøvrig traff eg blink på Kalandseid og Fedje i mitt tabelltips. Viggo og Krabbetor bytta plass og til tross for at Øygard 2 gjorde det dei kunne for å innfri tipset mitt starta dei det dårlige spelet litt for seint og havna for høgt oppe. Toppscorer i avdelinga fekk eg aldri nøsta opp i etter tidligare nevnte datakrasj men ei glovarm potet i den diskusjonen er nok Marius på SK Mann. Mestscorande i SK Viggo blei Ørjan Gjerstad med 17mål. Han gjekk tidleg ut og lova 20mål men klarte altså ikkje dette. Uansett er 17mål heile 12 fleire mål enn fjorårets toppscorer i Viggo.

I Fusa har trener Robert Stensønes (eller Ole-Bjørn Sundgot? Sjekk ut likheten mellom Fusatreneren og Hønefosstreneren, attpåtil leda begge sine respektive lag til opprykk) takka for seg etter eit år med suksess og valgt å stikke til kjedelige Vadmyra neste år. I Viggo er ikkje trenerspørsmålet heilt avklart endå men uansett blir det nok opprykk neste år.

Ellers vil eg takke alle lesere av bloggen for eit godt men ustabilt år. Følg med når sesongen 2010 nærmar seg!

NB: Ein liten godbit på slutten! Øystese fotball har laga ein “fantastisk” supportersang. Anbefaler å lytte til både bygdaversjonen og teknoversjonen. Trykk her. (Stian’s Corner tar overhodet ikkje ansvar for innhaldet på eksterne nettsider)

Vurdert til: av 38 lesere

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

av Stian Birkestrand | oktober 4, 2009  

Gratulerer A/L!

Etter ein finfin 3-1 siger borte mot tidligere opprykkskåte Trane på ærverdige Krohnsminde Stadion kan samarbeidslaget Austrheim/Lindås feire opprykk til 4.divisjon! Formspissen i avdelinga Anders Langøy sikra sigeren med 2 mål i tillegg til at han skaffa straffen som superveteran Kjetil Haugland kontrollert satte i mål. Dette viser at A/L ikkje er avhengig av gullstøveljagende Karl Ludvig Daae som var skada og slengte ut morsomheter på løpende bånd på benken istedenfor. Ein redusering av Trane ga litt nerver på slutten men alt i alt hadde A/L full kontroll. Då dommeren blåste av kampen kunne A/L-spelerene juble for opprykk og trenar Tor-Eivind Karlsen stilte med alkoholfri champis for anledningen. Eg har diverre ikkje bilder frå anledningen men følg med på samarbeidslaget.no og nordhordland.no som hadde sendt ut tidligere Austrheimlegende Atle Vaage for å dekke kampen. Stian’s Corner velger å gratulere til tross for Jan Terje Sætre sin syrlige kommentar om bloggen etter kampen.

Vurdert til: av 38 lesere

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

Eldre innlegg »

Kategorier

Tips oss hvis denne bloggen er upassende

Denne bloggen blir ikke forhåndsredigert av VG Nett. Bloggens eier står ansvarlig for alt innhold.
VG Blogg er en tjenesten levert av VG Multimedia AS. Henvendelser rettes til: Moderator
Ansvarlig redaktør: Espen Egil Hansen / Administrerende direktør: Jo Christian Oterhals
Sentralbord VG: 22 00 00 00